Leigevedtekter og prisar for leige av klubbhus

Oppdatert  25.09.2025

Leige av lokala: For all utleige av lokale SKAL ansvarleg leigetakar vere minst 30 år (kontaktperson i utleige skjema). Utleige avtalast ved å fylle ut eige skjema som du finn på leigesida vår. Dette skjema vert sendt automatisk til Båtforeininga. Der er sitteplassar til 40 personar, men då vert det erfaringsmessig trangt. Tilråda antal er opp mot 30 personar.

Ansvarleg leigetakar er økonomisk ansvarleg for skade på lokalet og utstyr i tidsrommet ein disponerer lokalet, og vert fakturert separat for dette.

Bruk av alkohol; Ved private “slutta selskap” for eksempel bryllaup, konfirmasjon, åremål m.m. kan skjenking av alkohol skje utan å søke løyve. Ved andre offentlege samankomster eller medlemsmøter i ei foreining, må ein søke om skjenkeløyve til Sula kommune. Ansvarleg leigetakar er ansvarleg for at nasjonale skjenkereglar vert overhaldt.

  • Det er ikkje lov for personar under 18 år å drikke/nyte alkohol på huset.
  • Arrangemang skal vere avslutta seinast kl 01.00. Bruk av uteområdet bør ein unngå på kveldstid av omsyn til naboar.
  • Flytebryggene er privat eigedom, og all ferdsel her er forbode. Området er video overvaka.
  • Overnatting i lokalet er ikkje tillatt.
  • Huseigar er utan ansvar for eigedelar som leietakar eller gjestar mister.
  • Røyking er ikkje tillate inne eller på terasse.
  • Fakkelbokser/åpen eld SKAL ikkje nyttast i anlegget.

Ansvarleg leigetakar plikter: å gjere seg kjent med rømningsvegar, opprette samlingstad vest ved molo, og til ei kvar tid vite kor mange som er til stades på arrangemanget.

Prisar:

  • Kr 2.600 per dag, for selskap, konfirmasjoner, bryllup, barnedåp, jubileum etc.
  • Kr 1.500 for kortere møter av organiserte foretak, lag og organisasjoner.
  • Kr 850 for kortere private møter og barnebursdag inntil 5 timer.
  • Kr 1000 kjem i tillegg til leigepris hvis båtforeininga skal foreta rydding og utvask.

Vask og rydding:

  • Leigetakar rydder lokalet, også rundt på utsida, vasker bord, kjøkken, golv, trapp, klosetter og gang i leigedelen. Alt medbrakt skal fjernast, og søppel kastes i Søppelkontainer på utsida av huset.
  • Ved utilfredsstillande reinhald vil Suløen Båtforening leige inn ekstern hjelp.
  • Tilgang til lokalet for pynting skal avtalast med huseigar. I høve lokalet er utleigd dagen før, så kan ein ikkje vente tilgang til lokalet for kl. 12 leigedagen.
  • Lokalet skal vere rydda og vaska til kl. 12 dagen etter.
  • Ved brot eller mislighald av reglar eller avtale kan husstyret nekte leigetakar ny tilgang til huset.

Ønsker du å leige? Trykk her