Bli medlem

Vi har 80 båtplassar i Suløen Båtforening. Dei som eig desse plassane er A-medlemmar. Suløen Båtforening har også nokre B-medlemmar. Mange av desse står på venteliste til båtplass.

Det kostar for tida kr 300,- å melde seg inn/vere medlem utan båtplass i Suløen Båtforening (B-medlem). Eit B-medlem er prioritert ved ledig båtplass. Pris på båtplassar vil variere alt etter breidde på plassen. Årleg kontingent for A-medlemmar er 3000 kroner. Dette går til straum, vedlikehald, avsetting til ein vedlikehald kapital, nedbetaling av lån m.m. Det er Hamnesjef som har oversikt over ledige plassar.

Vi må minne om at alt sal og leige av båtplassar skal gå via båtforeiniga sitt styre, og at den som er interessert i kjøp eller leige må melde seg inn som medlem. Ein vil då komme i systemet og bli satt på liste.

For å bli medlem, kontakt Jan Helge Stadsnes som tek seg av innmelding og tek i mot innmeldingsavgifta.

Tel: 92249076. E-post: post.suloen@gmail.com

Alle medlemmar i Suløen Båtforening er no medlem av Kongelig Norsk Båtforbund. Dette gjev foreininga sine medlemmar mange fordelar. Les meir her.

knbflogo_transparent_140