Bredda er oppgitt i bruttomål, dvs målt senter-senter utriggar.
A-plassane, må du trekke fra 40cm for i finne nettomål, dvs “lysåpninga” på båtplassen.
B/C/D og E plassane, må du trekke fra 55cm for å finne nettomål, dvs “lysåpninga” på båtplassen.
Lengde utriggar A-plassar: 5 meter
Lengde utriggar B-plassar: 6 meter
Lengde utriggar C-plassar: 8 meter
Lengde utriggar D-plassar: 8 meter
Lengde utriggar E-plassar: 10 meter
Prisar båtplassar 2024
2,5 meter Kr. 90.506
3,0 meter Kr. 102.025
3,5 meter Kr. 113.544
4,0 meter Kr. 125.063
4,5 meter Kr. 136.582
5,0 meter Kr. 159.620
Oppgitte prisar er maks salgsprisar. Det er opp til kvart medlem om dei vil selge båtplassen rimlegare. Betaling av plassen skal skje til Suløen båtforening via kasserar. Ved sal tar båtforeninga 2000,- i omsetningsavgift som delast mellom kjøper og selger av båtplassen. Dette skal dekke admin kostnadar, mellom anna oppdatering av lister, utskrift, lamineringar og for å ha kontroll over at prisene ikke overskrider maksprisen.
Når du kjøper båtplass hos Suløen båtforening, har vi ein årleg kontigent på 3000,- (2024) då inkluderer dette tilgang og eigeandel i klubbhus/servicehus. 500 kroner vert sett av på eigen konto for framtidig vedlikehald. Hugs alltid å sjekke med kasserar om båtplassen som du ønsker har heftelser. Ubetalt kontingent eller skadeverk, vil hefte på båtplassen.
Båtforeningen har forkjøpsrett til båtplass som skal selgast, men har ingen kjøpeplikt. (Vedtekter/Hamnereglar) Deretter har båtplasseigar rett til å kjøpe båtplassen, dersom dei har registrert seg for bytte av plass. Men ingen av partene har kjøpeplikt.
Alle båtplassar i Suløen båtforening er privateigde, då dei er seld til medlemmane. Det er oppretta venteliste for kjøp og leige av båtplass. Frå tid til anna er det medlemmar som ikkje nyttar sine båtplassar, og kan då leigast ut i korte eller lengre periodar.
Når det gjeld utleige av båtplassar, er prisane ikkje regulert. Det er opp til kvar enkelt eigar av båtplassen. Det same gjeld kven plassen skal utleigast til. Hamnesjef skal orienterast ved utleige.