Vår historie

Suløen Båtforening  (org.nr.994114506) vart stifta den 03/03-2009 kl 18.30.
Dei som tok initiativ til å starte denne foreininga var:
Odd Magne Stave
Thorstein Vasset
Rolf Gudmundset
Det  første møte (stiftelsesmøte) den 03/03-2009, var i kantina til Sula Bedriftsteneste. Her vart det valt eit interimstyre på tre personar, som var dei same som stod bak initiativet.

Med bakgrunn i stiftelsesmøte vart det invitert til et nytt møte som vart varsla via “treskoposten”, dvs. varsla via mann til mann metoden! Dette møtet vart halde på Molvær barneskule og det møtte fram 20 personar, som alle ville ha båtplass i ei hamn vi enno ikkje visste kor skulle ligge. Harald Nybø sa seg villig til å vere konsulent og rådgivar saman med Ola Veddeng.


Den 16.04.2009 vart det halde årsmøte på Molvær skule, der vart valgt tillitsvalgte og vedtekne vedtekter og hamnereglar. Suløen Båtforening var i gong.