Fotogalleri

Støyping av molodekke
Her er nokre bilete frå støypinga av molodekke.

Dugnad, juni 2013
ENDELEG! Dei første bryggene er på plass!! Etter 4,5 år! Det har sanneleg vore ei tolmodsprøve!
Ove Kaldhol og dugnadsgjengen har forskala første nivået som skal sikre utrasing mellom fundamenta. Dette vert bra! Vi ser vi at bølgedemparen alt gjer jobben sin med å lage det stille inne i hamna.

4. mai 2013
Her frå testing av fundamentet etter at forskalinga vart reven på lørdag den 4. mai 2013!
Foto: Oddbjørn Storsten.

29. april 2013
Karane møtte opp til avtalt tid og ein kunne sjå kor utolmodige dei var etter å kome i gong med arbeidet! Ein starta med god planlegging… og etter nokre timar var resultatet førsteklasses! Klar for armering og støyping!
Forskalingane vart produsert av Johnny, Kjetil, Odd Magne og med Thorstein som arbeidsleiar! Etterpå vart dei frakta til hamna for montering.
God planlegging er halve arbeidet, og godt verktøy den andre halvdelen, so då kan ein vel berre sette seg ned å sjå på at det gjer seg sjølv!
Nokre bilder fra dugnaden i dag. (29.04.13 red.anm.) Siste finpuss før støyping tar vi i morgon formiddag, samme gjengen. Foto: Oddbjørn Storsten.

Bygging av oppslagstavle

Bygging av klubbhus/servicebygg