Årsmøtet då alt starta

Interimstyret hadde kalla inn til første ordinære årsmøte for å velge tillitsvalgte og vedta vedtekter for foreininga og bryggereglar. Før møtet hadde interimstyret eit møte med ordførar Ronny Blomvik og Ola Veddeng.

Når årsmøtet starta hadde 58 personar teikna seg på lista.

aarsmoete1

Møtet 16.04.09 vart organisert slik:

1. Informasjon om planane så langt, økonomiske kalkyler og mulege vegar vidare.Dette tok omlag ein time.

2. Formalisering av årsmøtet. Teikning av medlemsskap. Rolf Gudmundset fekk det travelt med å registrere medlemmar. Når dette var over hadde foreininga 68 medlemmar på lista. Når vi veit at mange har sagt at dei vil melde seg inn men enno ikkje har gjort det er vel første byggesteg på hamna allereide fullteikna.

Ved teikning av medlemsskap vart der kravd inn kr 200,- i innmeldingsavgift for å verte medlem og få røysterett på årsmøtet. Årsaka til at det vart innført innmeldingsavgift er at det i arbeidet vidare vil komme til ein del driftsutgifter som foreninga må dekke inn. Bl.a leige av møtelokale/annonser og porto.

Ordførar Ronny Blomvik fortalde båtfolket kor viktig det var for Sula å få eit “vakkert ansikt” mot sjøsida, og gratulerte Suløen Båtforening med årsmøtet og den offisielle oppstarten.

Ordførar Ronny Blomvik fortalde båtfolket kor viktig det var for Sula å få eit “vakkert ansikt” mot sjøsida, og gratulerte Suløen Båtforening med årsmøtet og den offisielle oppstarten.

Det vart på årsmøtet lagt fram forslag til vedtekter og bryggereglar for hamnene, og forslag til valg av tillitsvalgte. For å redusere foreninga sine utgifter vart alle på førehand bedt om å printe ut sine eigne eksemplar å ta desse med i møtet. Vedtekter og bryggereglar vart vedtekne einstemmig.

Du vil finne linkar til desse dokumenta her.