Styret har godkjent nye reglar for fortøyning etc i hamna. Desse vert lagde fram for neste årsmøte som tillegg til eksisterande reglar.
Det vil ikkje vere lov til bruke sjaklar, krokar eller andre anordningar som gjer at stål kjem mot stål i bryggene. Det vil heller ikkje vere høve til å bruke plastkablar eller utstyr som ikkje er egna til å syte for sikker straumforsyning. Hamnesjefen vil syte for at desse reglane vert fylgde og dersom slike ting vert oppdaga vert det skåre vekk umiddelbart og beslaglagt. Foreninga vil syte for tilgang på utstyr som er godkjendt og til ein bra pris. Ta kontakt med hamnesjefen dersom du treng hjelp.