Stabbesteinar

Det er no sett opp stabbesteinar langs med muren i hamna. Ein fin dugnadsgjeng har teke på seg den jobben og har gjort ein framifrå fin jobb! Dei vil og syte for å få montert kjetting mellom steinane slik at ingen roter seg på havet utan båt! Flinke karar!

Bading i Stadsneshamna

Vi tilrår ikkje lenger at folk bader eller fisker i Stadsneshamna. Heile hamna er kraftig forurensa av det vi hittil trur er kloakk. Dette kommer frå eit rør ved Lerheimkaia. Eit av bilda her viser toalettpapir som flyter i sjøen etter at det kom ut av røret. Vi har meldt frå til kommunen og har bedt om at dette vert ordna snarest. Dersom ikkje vil vi  vurdere å varsle tilsynet.

Siste nytt frå hamna:

Ein gjeng har sett opp kjempeflott tavle der det no vert hengt opp betalingskasse for gjestar i hamna. Godt jobba karar!

Det vert og jobba iherdig for å få på plass fiber og eit enda betre kamera for overvaking av hamna.

Det er og kome opp eit flott skilt på bølgedempar som fortel at dette er gjestebrygga vår.

SBF har innbetalt sitt anleggsbidrag til kommunen og vi håper det no kjem fortgang i tillaging av vegen og asfaltering av området. Det kan reknast med ein del dugnader framover so følg godt med når innkallinga kjem. Elles nærmar ferien seg og styret nyttar høvet til å ønske alle våre medlemmar ein riktig fin båtsommar!

Vatn i hamna!

Det er no sett på vatn i hamna på to av bryggene. Vi mangler nokre deler som vert levert frå Marina Solutions AS på mandag. Då vert det og kopla til vatn på molobrygga. Grunnen til at vi venta so lenge var faren for frost. Vi er fortsatt litt nervøse for at det skal fryse sundt. Det har vore kaldt om nettene.

Hjerteleg takk til Kåre Steinsvik som har sett av tid og har kopla alt saman. Ektstremt viktig at vi no alle saman passer på at kranene er stengt og at det ikkje ligg å renn vatn til inga nytte. Det er sløsing med ressursar og vert dyrt for foreninga.