Orkanskade

Orkanen har skada hamna vår, meir info om dette på årsmøtet.
Det viser seg og at dårlege fortøyningar og til dels manglande fortøyningar har medført skade på anlegget i tillegg.

Det vil verte eiga sak på årsmøtet. Båteigarar som ikkje har fulgt bryggereglane må kunne rekne med regresskrav får SBF eller forsikringsselskapet.

Stabbesteinar

Det er no sett opp stabbesteinar langs med muren i hamna. Ein fin dugnadsgjeng har teke på seg den jobben og har gjort ein framifrå fin jobb! Dei vil og syte for å få montert kjetting mellom steinane slik at ingen roter seg på havet utan båt! Flinke karar!