Velkomen til Suløen Båtforening

Velkomen til Suløen Båtforening si side. Her kan du finne informasjon om oss, kjøpe og selje båtar samt bli medlem. Du finner også informasjon om gjestehamna vår (Stadsneshamna) Denne sida skal også bidra til at vi får eit betre båtliv i hamna vår. Saknar du noko (ris/ros) så send oss ein e-post. Kontakt oss.

Viktig melding til alle båteigarar i SBF

18 april 2021

Styret i båtforeninga har blitt gjort kjent med at det har vore nattleg besøk i båthamna  på Indre Sula. To personer har blitt fanga opp på kamera medan dei inspiserer båtane i hamna. Begge karane er maskerte og snakkar dårleg engelsk der dei mellom anna vert einige om å kome tilbake sjøvegen. Denne informasjonen vert no delt mellom dei fleste båtlag i området, og vi i styret for SB ber om at den einskilde båteigar no sjekkar båten sin og kanskje fjernar gjenstandar som kan verke freistande for nattlege besøkande. Våre kamera er sjekka og tar kontinuerleg opptak av hamna. Dersom du er oppe på nattetid så stikk gjerne innom hamnekamera og sjekk at alt er roleg. Ser du noko som ikkje stemmer, så ring ein av oss i styret, så tek vi prosessen vidare.

Klikk her for oversiktsbilde av Stadsneshamna.

Webkamera  vest

Webkamera servicebygg (berre medlemmar, krev brukarnamn og passord. Dette er sendt på e-post til medlemmane)

Du finn oss og på facebook under “Stadsneshamna” Gi oss gjerne tilbakemelding på denne sida.

Gjestebygga vår er 80 meter lang og er på innsida av bølgedemparen. I godt ver kan i tillegg utsida av bølgedemparen nyttast. Der er tilgang til strøm og vatn. Toalett, dusj og vaskemuligheter (vaskemaskin/tørketrommel) finn du i klubbhuset.  På tavla innerst i hamna er det sett opp reglar for betaling (vipps/kontant).  Meir info

Instruksjons video (fra Marina Solutions) som viser korleis ein brukar redningsstigen som er montert under alle utriggarar med rød fenderkasse. 

Sikkerhet på sjøen
Adferd i havna/Fortøying